2. jan, 2012

Frø i vind

Som kvite dun mot haustblå fjell,
flyg frø i vind.
Vårherre veit kor hen dem fell
og feste finn.

Som frø i vind flyg kverdags-ord
ifrå mi stø.
Vårherre veit om her fins jord
førr mine frø.

Helge Stangnes